Henry Oliver Johannessen () var ein norsk fotballspelar frå Glemmen som var aktiv i Fredrikstad FK i tida 1946 til 1960. Han «var en særegen spiller, en fotballbegavelse utenom det vanlige».Magnus Breili: Fotballboken.1957

Johannessen var opphavleg medlem av Lisleby Fotballklubb, men melde våren 1946 overgang til FFK. I perioden 1948-60 skåra han 96 mål på 139 kampar, eit snitt på heile 0,7 mål pr kamp. Gjennom sine mange sesongar i Fredrikstad FK var han med å vinne to noregsmeisterskap og fem seriemeisterskap.

Frå sin landslagsdebut mot Luxembourg i 1946 til han spelte sin siste landskamp mot Finland i 1955 deltok han 14 kampar med det norske flagget på brystet. Han vert særleg hugsa for sin innsats i bortekampen mot Nederland i Rotterdam 6. juni 1951. Heimelaget tapte 2-3, etter to mål av Henry Johannessen og eitt av Odd Wang Sørensen. Johannessen gav Noreg leiinga 1-0 og skåra sigersmålet på stillinga 2-2 med eit knallhardt skot i vinkelen. Etter den landskampen «ble den velspillende innerwingen tilbudt 180 000 kroner for å gå over til den italienske klubben Fiorentina, men han sa nei takk».».Magnus Breili: Fotballboken.1957 Året etter deltok han i Sommar-OL 1952 i Helsinki. I alt skåra han sju landslagsmål.

Merittar Seriemeister: 1949, 1951, 1952, 1954, 1957 med Fredrikstad Noregsmeister: 1950 og 1957 med Fredrikstad

Notar

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1952 Kategori:Lisleby-spelarar Kategori:Fredrikstad-spelarar Kategori:Folk frå Fredrikstad