Sa'ir (arabisk سعير, òg skrive Saeer)Palmer, 1881, s. 408 er ein palestinsk by i Hebron guvernement sør på Vestbreidda, 8 km nordaust for Hebron. I nærleiken ligg Beit Fajjar og al-Arroub i nord, Beit Ummar i nordvest, Halhul i vest og Beit Einun og ash-Shuyukh i sør. Daudehavet ligg like aust for kommunegrensa til Sa'ir.Sa'ir Town Profile. Applied Research Institute-Jerusalem. 2008. Henta 2012-03-12. I 2007 hadde byen i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå eit folketal på over 18 045.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
Historie Under Romarriket vart byen kalla Sior, som kjem frå det arameiske ordet sar eller «høgd» Det er gjort funn av bysantinsk keramikk.Dauphin, 1998, s. 936 Palestine Exploration Fund skreiv i Survey of Western Palestine (SWP) at: «Grava til El 'Ais (Esau), sør for landsbyen, ere it kammer som er 37x20 fot, med ein Mihrab på sørveggen. Det er hengd opp eit strutse-egg i nærleiken. Det ligg òg gravholer sørvest for denne staden.»Conder og Kitchener, 1883, s. 379.
Osmansk tid I 1596 stod Sa'ir oppført i osmanske skattelister som ein del av Halil nahiya i Quds Liwa. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad på 72 hushaldningar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 122.
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1860-åra, og estimerte at han hadde kring 400 innbyggjarar.Guérin, 1869, s. 150 SWP skildra Sa'ir i 1883 som «ein mellomstor landsby, i ein dal omgjeve av oppdyrka mark.» Dei lokal muslimane meinte at ein maqam («grava til ein heilag person») i Sa'ir var grava til Esau, som dei kalla «Aisa.» SWP meinte at dette var feil og at grava til Esau var på det bibelske fjellet Seir.Conder og Kitchener, 1883, s. 309.Conder, 1881, s. 215-6 in PEFQSConder, 1889, s. 123-4 in PEFQS
Det britiske mandatet era I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Sa'ir eit folketal på 1 477, alle muslimar.Barron, 1923, Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10 I folketeljinga i 1931 var folketalet i Si'ir 1 967, framleis berre muslimar, i 388 busette hus.Mills, 1932, s. 33 I 1945 var folketalet i Si'ir 2 710, alle arabarar, som eigde 92 423 mål land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50 2 483 mål var plantasjar og irrigert land, 10 671 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 94 medan 76 mål var utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 144
Etter 1948 Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, Sa'ir under Jordan sitt styre.
Etter Osloavtalen i 1993 hamna Sa'ir i «Område B» som gav Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA) kontroll over sivile saker i byen, medan Israel heldt kontroll over tryggleiken.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sa'ir» frå , den 28. september 2015. oppgav desse kjeldene:
s. 150-1
Bakgrunnsstoff Velkomen til Sa'eer
Kategori:Byar på Vestbreidda Kategori:Hebron guvernement