Beit Einun eller Bayt 'Anun (arabisk بيت عينون) er ein palestinsk landsby i Hebron guvernement, fem kilometer nordaust for Hebron sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på 1 809 innbyggjarar i 2007.

Historie Beit Einun er identifisert som den bibelske Beth-anoth.Conder og Kitchener, 1883, s. 311 Staden vart busett under bysantinsk styre i Palestina.Khirbet Abu Rish (Beit 'Anun) Magen - Y. Baruch Det vart bygd tre kyrkjer nær sentrum av byen ein gong mellom 400- og 500-talet. Murane er bygde slik at dei truleg må ha blitt ombygd i krossfarartida. Utgravingar har avdekt eit mosaikkgolv i hovuddelen av kyrkja frå den bysantinske tida.palestinsk sites: Beit 'Einun Village - Hebron Jerusalem Media and Communications Centre. Accessed on 2008-03-30 Andre funn frå denne tida er to cisterner, to vinpresser og fleire graver.Pringle, 1997, s. 26

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beit Einun» frå , den 28. september 2015. oppgav desse kjeldene: (SWP III, 351)

Bakgrunnsstoff Velkomen til Bayt 'Anun

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda