Bjørn Arild Levernes () er ein tidlegare norsk fotballspelar, mest kjend som midtbanespelar for Vålerenga i tida 1995-2004.

Karriere Klubbspel Levernes spelte på andrenivå-laget Strømmen i sesongane 1991 og 1992. Dei neste to åra var han Kongsvinger-spelar. Levernes og lagkameraten Dag Riisnæs melde i 1995 overgang osloklubben Vålerenga. Her vart Levernes noregsmeister i 1997 og på ny i 2002. Han skåra eitt mål i begge finalane og er den einaste Vålerenga-spelaren som har skåra i to cupfinalar.

Landslagsspel I slutten av november 1995 spelte Levernes to landskampar for Noreg, begge på bortebane. Det vart uavgjort 1-1 mot Jamaica og tap 2-3 mot Trinidad og Tobago. I den siste kampen gav Tore Andre Flo og Levernes Noreg leiinga 2-0, før heimelaget snudde kampen og vann.

Merittar Norsk meister: 1997 og 2002 med Vålerenga

Kjelder eu-football

Denne artikkelen bygger på «Bjørn Arild Levernes» frå , den 26. september 2015.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Strømmen-spelarar Kategori:Kongsvinger-spelarar