Per-Mathias Høgmo () er ein norsk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar frå Gratangen. Han var landslagstrenar for Noregs kvinnelag i tida 1997-2000, ein periode som vart avslutta med at Noreg vart olympiske meistrar under Sommar-OL 2000 i Sydney. Sidan september 2013 er han landslagstrenar for Noregs mannlege landslag.

Høgmo, som spelte for Tromsø IL i tida mellom 1984 og 1989, fekk i 1986 ein landskamp for Noreg. I 1986 spelte han venstreveng då Tromsø vann 4-1 over Lillestrøm SK i cupfinalen på Ullevaal stadion. Han har vore klubbtrenar i Tromsø, Moss FK, Rosenborg og svenske Djurgården.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Per-Mathias Høgmo» frå , den 27. september 2015.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Norske fotballtrenarar Kategori:Tromsø-spelarar Kategori:Mjølner-spelarar Kategori:Folk frå Gratangen