Bani Zeid al-Sharqiya (arabisk بني زيد الشرقية) er ein palestinsk by nord på Vestbreidda, nord for Ramallah i Ramallah og al-Bireh guvernement. Han vart danna då landsbyane ‘Arura,frå førenamnet ‘Arura, i følgje Palmer, 1881, s. 225 Mazari al-Nubani og Abwein, sjølv om sistnemnde ligg fråskild frå kommunen. Ministry of Local Government of the The Palestinian Territories. Bani Zeid al-Sharqiya ligg 3 km nord for Ajjul og andre stader i nærleiken er Deir as-Sudan i søraust, Kafr Ein i aust og Abwein i sørvest.Satellite view of ‘Arura

Historie

Både Arura og Mazari al-Nubani var ein del av Bani Zeid underdistrikt i Jerusalem sanjak. Dei to landsbyane produsert i lag 99 qintar med olivenolje, det viktigaste jordbruksproduktet frå Bani Zeid.Singer, 1994, s.78.

I 1596 stod 'Arura oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 62 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer og frukttre, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 112. Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen seint på 1800-talet, og han hadde då kring 350-400 innbyggjarar. Guerin observerte fragment av søyler og andre indikasjonar på at det var ein svært gammal stad.Guérin, 1875, s. 170, delvis omsett i Conder og Kitchener, 1882, s. 303 I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen, kalla Arara, som liten, i høgt lende og merkverdig fordi det låg fem heilage stader på vestsida av landsbyen.Conder og Kitchener, 1882, s. 289

I 1945 var det samla landarealet 10 978 mål, og av dette var 26 utbygde område og 2 550 nytta til olivenlundar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bani Zeid al-Sharqiya» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til 'Arura Velkomen til Mazari' al-Nubani

Kategori:Byar på Vestbreidda Kategori:Ramallah og al-Bireh guvernement