Gertrude Pridgett Rainey, betre kjend som Ma Rainey (), var ein amerikansk songar som blir rekna som ei av dei første profesjonelle bluessongarane og tilhøyrde den første generasjonen som spelte inn slik musikk. Ma Rainey er blitt kalla «mora til bluesen» og er kjend for innspelingar av songar som «Bo-weevil Blues» (1923), «Moonshine Blues» (1923), «See See Rider Blues» (1924), «Black Bottom» (1927) og «Soon This Morning» (1927).

Ma Rainey byrja å opptre som ung tenåring. Ho fekk artistnamnet sitt etter å ha gifta seg med Will Rainey i 1904. Dei turnerte først med Rabbit Foot Minstrels og seinare som si eiga gruppe kjend som «Rainey and Rainey, Assassinators of the Blues».

Ho gjorde sitt første lydopptak i 1923, og i løpet av dei neste fem åra gjorde ho over hundre innspelingar. Ho gjorde opptak med Louis Armstrong, og turnerte og gjorde innspelingar med Georgia Jazz Band. Rainey fortsette å turnera fram til 1935, då ho trekte seg tilbake og vende attende til heimbyen sin.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ma Rainey» frå , den 22. september 2015.

Bakgrunnsstoff

Gertrude “Ma” Rainey i The New Georgia Encyclopedia.

Kategori:USA-amerikanske bluessongarar Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Folk frå Columbus i Georgia