Yasuf (arabisk ياسوف) er ein palestinsk by som ligg i Salfit guvernement nord på Vestbreidda, 7 km nordaust for Salfit, 37 km sørvest for Nablus og like ved den israelske busetjinga Kfar Tapuach. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på 1 621 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 112. Kring 87 % av folkesetnaden livnærer seg av jordbruk, medan resten arbeider i offentleg sektor.Yassuf Village: General Information Land Research Sentral. 18. september 2008.
Arkeologi Nordaust og sørvest for landsbyen ligg ein stor gravplass, med graver hogde inn i berget. Ein har òg funne bysantinsk keramikk her.Dauphin, 1998, s. 810
Historie I romersk tid i Palestina (ca. 63 fvt.-330 evt), vart landsbyen kalla Yaashuv og var nemnt i Samaria Ostraca,^ Bustanai Oded, History of the jewish people in the time of first temple - Volume 2, The Open University, s.' 262 (I følgje Yohanan Aharoni). og var ein av tre viktige marknader for frukt, korn og grønsaker nord i Judeafjella, sør i Samaria, og regionen Lod.Safrai, 1994, s. 66.
I krossfarartida skreiv Diya' al-Din (1173–1245) at det låg ein landleg moské i Yasuf, og indikerte at det var ein stor muslimsk folkesetnad i landsbyen på den tida.Ellenblum, 2003, s. 244.
Staden stod oppført i osmanske skattelister i 1596 som Yasuf ar-Rumman i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 41 hushaldningar og 8 ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 134.
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsby i 1870, og noterte ned kring 350 innbyggjarar. Landsbyen verka særs gammal med gamle murhus og murar. Landsbyen hadde ei rik vassforsyning. Vatnet vart mellom anna nytta for hagar med oliven og granateple.Guérin, 1875, s. 162-3 I The Survey of Western Palestine (1882) vart Yasuf skildra som «ein eldgammal landsby,» i ein del med ein romersk veg like ved.Conder og Kitchener, 1882, s. 378.
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Yasuf eit folketal på 172, alle muslimar,Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 25 medan han i folketeljinga i 1931 hadde 61 busette hus og eit folketal på 257, framleis alle muslimar.Mills, 1932, s. 66 I 1945 var folketalet 360, alle arabarar, medan det samla landarealet var 6 068 mål, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 61 Av dette var 928 for plantasjar og irrigert land, 1 991 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 108 medan 35 mål var klassifisert som utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 158
Israel-Palestina-konflikten Den 11. desember 2009 vart Yasuf's Al-Kabir-moskeen vandalisert og sett i brann.West Bank settlers set fire to mosque , Maan News, 11. desember 2009. Israelsk politi mistenkte israelske busetjarar. Bønetepper og heilage bøker vart øydelagde i brannen, og brannstiftarane hadde skrive på veggane «Me skal brenne dykk alle» og «Førebu dykk på å betale prisen». Eit par månader seinare hadde radikale busetjarar erklært at palestinarar på Vestbreidda skulle få betale «prisen» kvar gong israelske styrkar reiv ned ulovlege israelske busetjingar. Etter hendinga opna israelske styrkar eld mot 100 palestinske innbyggjarar i landsbyen, som demonstrerte mot eldpåsetjinga.
I januar 2010 vart den ekstremistiske busetjaren rabbi Yitzhak Shapira arrestert av israelsk politi for å ha vore involvert i brannstiftinga, men han nekta all involvering og vart seinare sleppt fri på grunn av mangel på bevis.«Rabbi arrested, suspected in Vestbreidda mosque arson", BBC News, 27. januar 2010'IDF to blame for price-tag atmosphere'
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yasuf» frå , den 20. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til Yasuf
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda