Ein al-Beida (arabisk عين البيضا) er ein palestinsk landsby i Tubas guvernement nordaust på Vestbreidda. Han har eit folketal på kring 1 050.
Historie Ein al-Beida vart grunnlagd i 1952 av arabiske bønder frå familiane Fuquha og Daraghmah frå Tubas, som eigde gardar i området og som ønskte å opprette ein landsby. Landsbyen er kalla opp etter ein brunn i området, Ein al-Beida, som fortida er tørr etter at Israel har utnytta vatnet i Jordandalen.Ein al-Beida Village Profile Applied Research Institute - Jerusalem. February 2006.
Geografi og klima Ein al-Beida ligg på ei slette aust i Jordandalen omgjeve av åsar og fjell. Han ligg 15 kilometer nordaust for Tubas, og grensa til Jordanelva i aust, Bardala i vest, Den grøne linja i nord og den israelske busetjinga Mehola i sør. Byen ligg 166 meter under havnivå.
Ein al-Beida har varmt vêr, med varme, tørre somrar og kalde, tørre vintrar. Årsmiddelnedbøren i landsbyen er 275 millimeter. Årsmiddeltemperaturen er 21-22 grader Celsius og luftfukta er i snitt 55 %.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ein al-Beida» frå , den 19. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Ein el Beida (Fact Sheet), The Applied Research Institute - Jerusalem. February, 2006
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1952 Kategori:1952 i Palestina