al-Bikai'a òg skrive al-Buqei'a (arabisk البقيعة) er ei palestinsk landsbygruppe i Tubas guvernement som består av dei tre grendene Khirbet al-'Atuf, al-Hadidiyah og al-Humsa. Området ligg på ei flat slette omgjeve av fjell, i ei høgd 50 meter over havet. Det samla folketalet i al-Bikai'a var 227 i 1997 og 1 850 i 2005.Al-Bikai'a Villages Profile Applied Research Institute - Jerusalem. February 2006. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde al-Hadidya eit folketal på 183 innbyggjarar.Projected Mid -Year Population for Tubas distrikt by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå.
Abu Bakr as-Sadiq-moskeen er den einaste moskéen i al-Bikai'a og ligg i Khirbet al-'Atuf. Her finst òg ein skule og ein barnehage. Dei fleste innbyggjarane går på skule i Tammun.
Historie Al-Bikai'a har vore busett sidan osmansk tid i Palestina. Området kring landsbyen vart fråflytta, men etter kvart kom arabarar frå Tammun, hovudsakleg familiane Bani Odeh og Bsharat, og slo seg ned i området. Khirbet al-'Atuf vart kalla opp etter 'Atif, ein ajjubide-soldat som døydde under krosstoga og al-Hadidiya vart kalla opp etter den svarte jorda her.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al-Bikai'a» frå , den 19. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde på 1500-talet