Har Gilo (hebraisk skrift הַר גִּלֹה, tyder Gilofjellet) er ei israelsk busetjing og felleslandsby som ligg kring fem kilometer sør for Jerusalem, og to kilometer vest for Betlehem nord i Judeafjella på den okkuperte Vestbreidda.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.
Historie På grunn av den strategiske plasseringa til Har Gilo, har både den tyrkiske, britiske og jordanske hæren alle hatt basar der. Ein base for det israelske forsvaret vart grunnlagd etter seksdagarskrigen i juni 1967.Har Gilo's surprised settlers Den sivile busetjinga Har Gilo vart grunnlagd Hanukkah 1968. Han er ein del av Gush Etzion. I 2007 hadde Har Gilo eit folketal på 462.
Geografi
Har Gilo ligg mellom dei palestinsk landsbyane Al Walaja og Beit Jala, sør for Jerusalem og like ved fjellet Gilo.Christian Peace Maker Team Har Gilo - Getting i Way by Reinhard Kober
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Har Gilo» frå , den 14. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1968 Kategori:Gush Etzion Kategori:Gush Etzion regionale kommune