Tekoa (hebraisk skrift תְּקוֹעַ) er ein israelsk-jødisk fellesbusetnad og israelsk busetjing nord i Judeafjella, 20 km nordaust for Hebron og 16 km sør for Jerusalem på den okkuperte Vestbreidda. Tekoa er underlagt Gush Etzion regionale kommune.http://www.gush-etzion.org.il/communities.asp Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Like i nærleiken ligg den arabiske landsbyen Tuquʿ (arabisk تقوع).
Historie mini|venstre|Tekoa frå Herodion.
Antikken I følgje Samuel, skal Joab ha skaffa ei «vis kvinne» frå Tekoa for å overtale David om å hente Absalom attende til Jerusalem (2 Sam. 14:2, 4, 9). Landsbyen var fødestaden til Ira, son av Ikkesh, som var ein av krigarane til kong David. Tekoa er kjend som fødestaden til profeten Amos i Gamletestamentet (Amos 1:1).Thekoa - (Tuqu'a) Studium Biblicum Franciscanum - Jerusalem. Bibelen hevdar byen vart grunnlagd av efratittar frå Betlehem i nord og kalebittar frå Hebron i sør. Det vart bygd festningsverk og han tente som administrativt senter i området.Historie of Tekoa
Den moderne busetjinga vart grunnlagd i 1975 som ein Nahal-utpost. I 1977 vart han gjeven over til sivile innbyggjarar.Nahal-busetnader (hebraiske) Busetjinga ligg på toppen av ei høgd blant ruinane av den bibelske Tekoa, 8 km sør for Betlehem ved foten av Herodion (Herodospalasset).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tekoa, Gush Etzion» frå , den 14. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Nettsida til Tekoa
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1977 Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Gush Etzion Kategori:Gush Etzion regionale kommune Kategori:Stader i Bibelen