Tifrah (hebraisk skrift תִּפְרַח, tyder [Ho] vil bløme) er ein religiøs moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev vest for Eshel HaNasi med eit areal på 5 000 mål og høyrer til Merhavim regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 400.
Moshaven vart grunnlagd i 1950 av immigrantar frå Ungarn og Nord-Afrika. Namnet er henta frå Jesaja 35:1; Ørken og tørt land skal gleda seg, øydemarka skal jubla og bløma, som lilja .
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tifrah» frå , den 11. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Afrikansk diaspora i Israel Kategori:Ungarsk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1950 i Israel