Mabu'im (hebraisk skrift מַבּוּעִים, tyder Kjelder) er ein fellesbusetnad sør i Israel. Han ligg i nordaust for Netivot og høyrer til Merhavim regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 100.
Landsbyen vart grunnlagd i 1958 som eit landsbysenter for lokale moshavar. I 1990-åra voks han raskt då han tok i mot mange nye immigrantar. Namnet kjem frå Jesaja 35:7; Glødande sand blir til innsjø, det tørste land til kjelder med vatn. Sjakalars buplass blir ein kvilestad der graset gror mellom røyr og siv.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mabu'im» frå , den 11. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1958 Kategori:1958 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel