Jacob Jansen Bredesen () er ein teknolog og tidlegare norsk politikar for partiet Venstre.
Liv og virke
Bakgrunn Bredesen var fødd i Storbritannia, som son av dansepedagogen Candice Bredesen (f. 1976) og fotograf og målarkunstnaren Tommy Bredesen (f. 1975). Han er den eldste av dei fem søskena.
Mora Candice levde stjernelivet i England, men valde i 2003 å flytte til Florø i lag med mannen Tommy, som sjølv var frå byen. Dei studerte kunst på same universitet.
Mora fekk i 2005 den tverrkulturelle prisen av Flora kommune for sitt arbeid for dansemiljøet i byen. Seinare same året flytta familien til Nordfjordeid, i Stad kommune.
Faren Tommy var målarkunstnar, lærar og fotograf. Han vart kåra til årets fotograf av foto.no i 2013 i tema «Mijø». Han hadde utstillingar rundt om i Sogn og Fjordane. Blant anna utstilling med Flora Kunstlag med kjende motiv som Pushwagner og Iggy Pop.
Mora var travel då familien budde i Florø, og lærte seg lite norsk. Når ho var på butikken var det Jacob som omsette frå norsk til engelsk for ho. Dette fekk tying i 2006, då Bredesen var sju år gammal. Då berga han livet til den 3 månader gamle systera hans då ho vart blå i ansiktet og strevde med å puste. Sidan mora kunne dårleg norsk, og i kaoset ringde det britiske naudnummeret 999 i staden for det norske 113, tok Jacob over og ringte og forklarte.
Då Bredesen var konfirmant reiste han til Malawi ilag med Kirkens Nødhjelp, og lærte om bistandsarbeid i området. Han var seinare engasjert i ungdomsorganisasjonen Changemaker. Etterkvart flytta engasjementet seg over i politikk der han var med i ungdomsrådet og partiet Venstre.
Bredesen gjekk studieførebuande ved Eid vidaregåande skule. Han studerte vidare International Baccalaureate på Red Cross Nordic United World College i Fjaler kommune, ein privat internasjonal skule med 200 elevar frå over 90 ulike land.
Politisk arbeid Bredesen var fylkesleiar for Sogn og Fjordane Unge Venstre, og dermed også medlem av fylkesstyret i Sogn og Fjordane Venstre og landstyret til Unge Venstre.
Han var også tilsett som valkampsekretær under valkampen i 2015.
Bredesen vart historisk som den fyrste 16-åringen i Eid kommune til å stemme ved kommunevalet i 2015. Han kunne ikkje røyste ved fylkestingvalet då dette var ei prøveordning for røysterett for 16 og 17 åringar.
Bredesen har blant anna uttalt at han støttar ein meir liberal ruspolitikk, støtta fritt skuleval i Vestland og at skuledagen burde starte seinare. Då han budde i Fjaler som elev ved UWC tok han også initiativ til å få på plass ei dataspel-linje ved Dale vidaregåande skule.
I 2016 var han motstandar av salmesong i fylkestinget og meiner at religion og politikk ikkje skal blandast. Han vart seinare styreleiar for Human-Etisk Forbund i Nordfjord.
I 2023 var han kandidat for Stad Venstre i kommunevalet.
Yrkeskarriere Bredesen drog til England for å studere speldesign, men slutta etter eit halvt år for å utvikle sitt eige spel. Siden 2018 har han vore innehavar av dataspelverksemda Six Kings. Han har publisert spel på Nintendo Switch, Playstation og Xbox.
Bredesen har også ansvar for teknologi ved Sagastad Vikingsenter. Han har blant anna utvikla ei VR-oppleving som viser Nordfjordeid i vikingtida.
Sidan 2024 er han også marknadssjef ved cruisekaia på Nordfjordeid. Kjelder
Kategori:Venstrepolitikarar i Sogn og Fjordane