Gulnara Iskanderovna Galkina, fødd Samitova, () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Naberezjnyje Tsjelny i Tatarstan som tevla på mellom-, langdistanse- og i hinderløp. Ho vart olympisk meister i 3000 m hinder i 2008.

Aktiv Gulnara Samitova deltok under friidretts-VM 2003 i Paris, der ho vart nummer sju på 5000 meter. I 2004 kom ho på sjetteplassen på same distansen under Sommar-OL i Aten. Tidlegare same året sette ho ny verdsrekord på 3000 meter hinder med tida 9.01,59.

Galkina lukkast ikkje å ta medalje i hinder under VM i friidrett 2007 i Osaka, og enda på sjuandeplass. Derimot lukkast ho stort under dei olympiske leikane i Beijing i 2008, her forbetra verdensrekorden på 3000 meter hinder til 8.58,81, og tok ein suveren gullmedalje.

Under VM i friidrett 2009 i Berlin deltok leia Galkina hinderløpet til siste runde, men hadde lite å stille opp med i spurten og enda på fjerdeplass. Ho deltok i dei olympiske leikane 2012 og kvalifiserte seg til finalen i 3000 m hinder, men braut av og vart sist.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gulnara Samitova-Galkina» frå , den 23. august 2015.

World Athletics

Kategori:Russiske mellomdistanseløparar Kategori:Russiske langdistanseløparar Kategori:Russiske hinderløparar Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012