Yad Hana (hebraisk skrift יַד חַנָּה, tyder Hannah-minnesmerket) er ein fellesbusetnad og tidlegare kibbutz på Sharonsletta i Israel. Han dekkjer 2 600 mål og ligg i Heferdalen regionale kommune nær hovudveg 57 nord for Gush Dan. I 2006 hadde han eit folketal på 208.

Kibbutzen vart grunnlagd i 1950 av ei gar'in-gruppe av Dror-medlemmar og vart kalla opp etter Hannah Szenes. I 1953 vart det ein splid i Mapam (som kibbutzen høyrte til), og dei fleste kibbutzen-medlemmane gjekk over til Maki. 120 innbyggjarar var usamde i dette og grunnla ein ny kibbutz i nærleiken, kalla Yad Hana Senesh (som vart oppløyst i 1972). Som følgje av dette vart kibbutzen kjend som «den einaste kommunistiske kibbutzen.»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yad Hana» frå , den 15. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel