HaMa'apil (hebraisk skrift הַמַּעְפִּיל, tyder Den ulovlege immigranten) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg nær Ahituv i Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 499.
Samfunnet vart grunnlagd i Hadera i 1938 av ei gar'in-gruppe som bestod av Hashomer Hatzair-medlemmar som hadde immigrert frå Galicia, Polen, Tyskland og Austerrike. Gruppa fekk opplæring i Beit Zera, Ma'abarot og Merhavia. Dei fleste medlemmane var ulovlege immigrantar (på hebraisk kalla Ma'apilim) til Palestinamandatet.
Sjølve kibbutzen vart grunnlagd den 2. november 1945 på landområde kjøpt av Yehoshua Hankin i 1932 frå den arabiske landsbyen Qaqun.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «HaMa'apil» frå , den 15. august 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff HaMa'apil på Heferdalen regionale kommune si nettside
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1945 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:1945 i Palestina