mini|Félix Sánchez under friidretts-VM 2009 Félix Sánchez () er ein tidlegare hekkeløpar som representerer Den dominikanske republikken. I tida 2001–12 vann han to VM-gull, to OL-gull og eitt VM-sølv på 400 meter hekk.
Aktiv Sánchez er fødd i New York City og voks opp i San Diego. Foreldra var frå Den dominikanske republikken. Etter å ha forbetra sitt personbeste på langhekken til 48,33 sekund i 2000, kom den store framgangen i 2001-sesongen. Ved verdsmeisterskapen i Edmonton den 10. august sprang han i mål til gullmedalje på tida 47,49, ny personbeste og fattige fem hundredels sekund føre italienaren Fabrizio Mori. Nøyaktig ei veke seinare forbetra Sánchez den personlege rekorden til 47,38 då han sigra i eit GP-stemne i Zürich. Eitt år seinare sigra han i Zürich på 47,35 og ny personbeste.
Under verdsmeisterskapen 2003 i Paris var Sánchez fullstendig suveren på 400 meter hekk, med livsbeste 47,25 sekund på spesialdistansen slo han andremann med bortimot eit sekund. I 2004 presterte han årsbeste med 47,63 i OL-finalen i Aten og vart olympisk meister. Dei neste sju sesongane oppnådde han ikkje betre tid enn 48,01, ei tid som rett nok gav han sølvmedaljen i Friidretts-VM 2007. I august 2012 fekk han notert tida 47,63 i OL-finalen i London, nøyaktig same tida som han hadde i Aten-OL åtte år tidlegare, og nett som den gongen fekk han gullmedaljen for prestasjonen. Sánchez la opp i 2015.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 47,49, framom Fabrizio Mori (47,54) VM 2003 i Paris: Gullmedalje – 47,25, framom Joey Woody (48,18) OL 2004 i Aten: Gullmedalje – 47,63, framom Danny McFarlane (48,11) VM 2005 i Helsinki: Nr 8 VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje – 48,01, bakom Kerron Clement (47,61) OL 2008 i Beijing: Utslått i forsøka (51,10=nr 22) VM 2009 i Berlin: Nr 8 – 50,11 VM 2011 i Daegu: Nr 4 – 48,87 OL 2012 i London: Gullmedalje – 47,63, framom Michael Tinsley (47,91) VM 2013 i Moskva: Nr 5 – 48,22
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Félix Sánchez» frå , den 13. august 2015.
World Athletics
Kategori:Dominikanske friidrettsutøvarar Kategori:Hekkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Den dominikanske republikken Kategori:Dominikanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Dominikanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Dominikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Dominikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Folk frå Manhattan