mini|Kart over Green Park og St. James's Park i London frå 1833.

Parkar og grøntområde i London omfattar åtte kongelege parkar og fleire private felleshagar sentralt i byen, mange ulike typar parkområde drivne av dei ulike bydelane i London og i nokre høve av City of London Corporation eller den landsomfattande organisasjonen National Trust.

Parkane og grøntområda utgjer 38,4 % av byarealet. Dette gjer London til den tredje «grønaste» storbyen i verda, etter Singapore og Sydney.«Green Spaces: The Benefits for London» (PDF). BOP Consulting, juli 2013.

Kongelege parkar mini|Hyde Park måla av Camille Pissarro i 1890. Dei kongelege parkane i London var opphavleg jaktområde som tilhøyrde krona. Med auka utbygging av London blei nokre av desse parkane tekne vare på og opna for allmugen som offentlege grøntområde. Parkane dekkjer til saman 1976 hektar.Hansard. Written answers for 7 Feb 2002. Accessed on 17 July 2009. Dei blir drivne av Royal Parks Agency og patruljerte av Royal Parks Constabulary.

Dei åtte kongelege parkane i sentrale London er:

Green Park 16 hektar St. James's Park - 34 hektar Greenwich Park - 73 hektar Hyde Park - 140 hektar Kensington Gardens - 111 hektar Regent's Park - 197 hektar Bushy Park - 450 hektar Richmond Park - 955 hektar

Private felleshagar mini|Frå felleshagen Gordon Square.

På mange opne plassar omkransa av hus finst private felleshagar kalla garden squares. Desse blei laga for folk busette i husa like ved, men nokre av dei er no opne for allmugen. Nokre av desse er Russell Square i Bloomsbury, Lincoln's Inn Fields i Holborn og Soho Square i Soho. I Kensington og Chelsea finst over hundre garden squares som berre er opne for lokale.

Bydelsdrivne parkar mini|Dammen i Victoria Park som tidlegare blei brukt for bading.

Fleire parkar blei laga i byen frå midten av 1800-talet til andre verdskrigen. Desse blir drivne av dei ulike bydelane.

Crystal Palace Park i Sør-London, 80 hektar Victoria Park 86,18 hektar Alexandra Park, 80 hektar Battersea Park, 83 hektar

Andre område mini|Dam på Hampstead Heath nær Parliament Hill.

Andre større grøntområde i londonbydelane er mellom anna Hampstead Heath, 320 hektar Clapham Common, 89 hektar Wandsworth Common, 73 hektar (180 acres) Wimbledon Common, rundt 460 hektar Epping Forest, 2476 hektar Trent Park 169 hektar Hainault Forest Country Park 136 hektar Mitcham Common 182 hektar South Norwood Country Park 47 hektar Wildspace Conservation Park 645 hektar Thames Chase 9842 hektar

Desse områda stammar frå den tidlegare lansbygda som er blitt verna frå den omsluttande byen, og har gjerne ein uformell eller halvnaturleg karakter. Vidare finst ein del større gravplassområde som har ein parkliknande natur, til dømes Highgate Cemetery der mellom anna Karl Marx og Michael Faraday er gravlagde. Det finst også ein del spesielle hagar og parkar som Royal Botanic Gardens i Kew og den kongelege hagen ved Hampton Court Palace. Alle bydelande i Ytre London inneheld delar av det verna «grøne beltet» rundt byen.Greater London Authority - London's strategic open space network

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Parks and open spaces in London» frå , den 14. august 2015.

Bakgrunnsstoff London Parks and Gardens Trust London Landscape Architecture Visitors Guide Green-Spaces Guide to London Green Spaces Near You in London