«Isn't It Midnight» er ein song av Fleetwood Mac på albumet Tango in the Night frå 1987. Songen vart skriven og sungen av Christine McVie og vart den siste songen frå albumet som vart gjeven ut på singel i somme land i 1988.

I Storbritannia vart «Isn't It Midnight» gjeven ut som oppfølgjaren til «Everywhere» og nådde 60. plassen på singellista der den 18. juni 1988. I Irland gjorde singelen det betre og nådde 23. plassen der.

Dette var den andre offisielle Fleetwood Mac-songen som vart gjeven ut på 3" CD-singel, i tillegg til 7"- og 12" vinyl. ALle formata inneheld albumsporet «Mystified», medan CD-utgåva og 12"-utgåva inneheld bonusspora «Say You Love Me» (frå 1975) og «Gypsy» (frå Mirage i 1982).

Songen er ikkje med på samleplata The Very Best of Fleetwood Mac frå 2002, med ein 'alternate mix' finst i plateboksen 25 Years – The Chain, som kom ut i 1992. Miksen inneheld òg CD-singelen «Love Shines», som kom ut i 1992 for å marknadsføre 25 Years – The Chain.

Lister Liste (1988)PlasseringUK Singles Chart60U.S. Album Rock Tracks14Irish Singles Chart23Dutch Singlar Chart32

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Isn't It Midnight» frå , den 12. august 2015. oppgav desse kjeldene: The Great Rock Discography, 6. utg., Martin C. Strong. ISBN 1-84195-312-1 Fleetwood Mac Legacy

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Songar frå 1987 Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Songar skrivne av Christine McVie Kategori:Songar produserte av Richard Dashut Kategori:Songar skrivne av Lindsey Buckingham Kategori:Warner Bros. Records-singlar