«Save Me» er ein song av det britisk-amerikanske bandet Fleetwood Mac frå albumet Behind the Mask frå 1990. Songen vart gjeven ut som singel og vart den siste songen deira som nådde topp 40 i USA, der han nådde ein 33. plass. «Save Me» oppnådde moderat suksess i Storbritannia, der han nådde 53. plassen. Han vart ein stor hit i Canada der han nådde sjuandeplassen.

Trass i at han vart ein hit i USA, er ikkje «Save Me» med på albumet The Very Best of Fleetwood Mac.

Medverkande Fleetwood Mac Christine McVie – klaverinstrument, synthesizer, solovokal Stevie Nicks – korvokal Billy Burnette – gitar, korvokal Rick Vito – gitar, korvokal John McVie – bassgitar Mick Fleetwood – trommer, perkusjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Save Me (Fleetwood Mac song)» frå , den 12. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1990 Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Songar skrivne av Christine McVie Kategori:Warner Bros. Records-singlar