«Sisters of the Moon» er ein song av det engelsk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac. Han vart skriven og framført av Stevie Nicks og vart gjeven ut i USA som den fjerde singelen frå albumet Tusk, som kom ut i 1979. Singelen nådde 86. plassen på Billboard Hot 100.
Songen vart ikkje gjeven ut i Storbritannia, der «Not That Funny» vart gjeven ut i staden for. Den sjeldne «singelversjonen» av «Sisters of the Moon» er med på samleplataThe Very Best of Fleetwood Mac.
Når songen vart framført på konsertar, kunne han ofte var over åtte minuttar. Ei kjend utgåve er frå Mirage-turneen i 1982, der Stevie Nicks syng avslutninga så kraftig at det ikkje er mogeleg å tyde teksten.
Fleetwood Mac spelte denne songen for første gongen sidan 1982 den 4. april 2013 på konserten deira i Columbus i Ohio.
Medverkande Mick Fleetwood – trommer John McVie – bassgitar Christine McVie – klaverinstrument Lindsey Buckingham – gitarar Stevie Nicks – vokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sisters of the Moon» frå , den 11. august 2015. oppgav desse kjeldene: The Great Rock Diskografi by Martin C.Strong. Page 378. ISBN 1-84195-312-1
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Songar skrivne av Stevie Nicks Kategori:Songar produserte av Ken Caillat Kategori:Songar produserte av Richard Dashut