Esther Cornelia Brand (), fødd van Heerden, var ein sørafrikansk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i høgdehopp i 1952.

Esther van Heerden, som var fødd i Springbok i Northern Cape-provinsen, hoppa den 29. mars 1941 1,66 meter i Stellenbosch. 35 år seinare vart prestasjonen offisielt godkjend som verdsrekord. Rekorden på 1,70 meter som Dora Ratjen hadde sett allereie i 1938 vart då stroken frå rekordlistene, ettersom Ratjen i 1939 hadde vorte kjønnsbestemt til å vere mann.

Under dei olympiske leikane 1952 i Helsinki deltok Brand i diskoskasting og høgdehopp. I diskostevlinga klarte ho ikkje å kvalifisere seg til finalen. Derimot lukkast ho å vinne høgdehopp då ho i tredje forsøk på 1,67 meter tok seg over lista, som den einaste utøvaren.

Ho døydde i Bloemfontein i 2015.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Esther Brand» frå , den 2. august 2015.

World Athletics

Kategori:Sørafrikanske høgdehopparar Kategori:Olympiske meistrar for Sør-Afrika Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Sørafrikanske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952