Inese Jaunzeme () var ein latvisk friidrettsutøvar, fødd i småbyen Pļaviņas, som representerte Sovjetunionen då ho i 1956 vart olympisk meister i spydkast. Ho var den fyrste latviar som vann OL-gull i friidrett.

Jaunzeme vart nummer tre i spydkast under sovjetmeisterskapen i 1956. Dermed fekk ho plass i troppen som i november månad reiste til dei olympiske leikane i Melbourne. I spydfinalen forbetra ho den olympiske rekorden tre gongar, sist til 53,86 meter. Dei to andre medaljevinnarane stoppa på lengder kring 3,5 meter kortare.

Sitt aller lengste spydkast presterte Jaunzeme i 1960, då spydet landa på 55,73 m.

Jaunzeme arbeidde seinare som lege i Riga.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Inese Jaunzeme» frå , den 3. august 2015.

World Athletics

Kategori:Latviske spydkastarar Kategori:Sovjetiske spydkastarar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar i spydkast Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956