António Coelho Pinto () er ein portugisisk tidlegare langdistanseløpar frå Amarante som vart europameister på 10 000 meter i 1998.

Karriere Aktiv Pinto deltok i fire olympiske sommarleikar, 1988-2000, men vart aldri betre enn nummer elleve. Derimot vart han europameister i 1998 då han i Budapest vann gullmedaljen på 10 000 m på tida 27.48,62. Same sesongen sette han portugisisk rekord på 5 000 meter med 13.02,8 under eit stemne i Zürich. I 1999-sesongen forbetra han europarekorden på 10 000 m til 27.12,4 på Stockholm stadion. Få veker seinare vart han nummer fem på på same distansen under friidretts-VM i Sevilla.

Både i 1992, 1997 og 2000 vann Pinto London-maraton, siste gongen på ei tid, 2.06.36, som ingen annan europear hadde prestert. I 1994 sprang han i mål som vinnar av Berlin-maraton.

Pinto drog seg tilbake frå internasjonale tevlingar i 2002.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1988 i Seoul: Nr 13 på 10 000 m – 28.09,5 EM 1990 i Split: Nr 14 på 10 000 m – 28.26,6 OL 1992 i Barcelona: Braut maratonløpet EM 1994 i Helsinki: Nr 9 i maraton – 2.13.24 VM 1995 i Göteborg: Nr 19 på 10 000 m – 28.26,4 OL 1996 i Atlanta: Nr 14 i maraton – 2.16.41 VM 1997 i Aten: Braut maratonløpet EM 1998 i Budapest: Gullmedalje på 10 000 m – 27.48,6, framom Dieter Baumann (27.56,7) VM 1999 i Sevilla: Nr 5 på 10 000 m – 28.03,4 OL 2000 i Sydney: Nr 11 i maraton – 2.15.17

Kjelder Denne artikkelen bygger på «António Pinto (athlete)» frå , den 21. juli 2015.

World Athletics

Kategori:Portugisiske langdistanseløparar Kategori:Portugisiske maratonløparar Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000