Bohdan Viktorovytsj Bondarenko () er ein ukrainsk tidlegare høgdehoppar som vart verdsmeister i øvinga i 2013 og europameister i 2014.
Aktiv Bondarenko vart juniorverdsmeister i polske Bydgoszcz i 2008 med eit hopp på 2,26 m. Fram til 2012 hadde han forbetra den personlege rekorden til 2,31 m. I 2013-sesongen hadde han stor framgang; i slutten av juni forbetra han seg til 2,36 m i Birmingham og mindre enn ei veke seinare til heile 2,41 m i Lausanne. Under verdsmeisterskapen i Moskva kopierte han prestasjonen i Lausanne og vann VM-gullet.
Under Diamond League-stemnet i New York i juni 2014 tangerte Bondarenko den 27 år gamle europarekorden til Patrik Sjöberg, lydande på 2,42 m. Midt i august månad vann han høgdetevlinga under friidretts-EM i Zürich med eit bestehopp på 2,35 m. Under verdsmeisterskapen i Beijing i 2015 var Bondarenko ein av tre utøvar som deltok i omhoppinga, etter ingen av dei tre attverande deltakarane hadde klart å ta seg over 2,36 m. Kanadiaren Derek Drouin tok gullmedaljen ved å hoppe 2,34 m i omhoppinga, Bondarenko kom på delt sølvplass. Eitt år seinare kom han på bronseplass ved ei olympiske leikane i Rio de Janeiro.
Skadar hemma Bondarenko meir og meir, så etter 2016 kom han ikkje i nærleiken av sitt toppnivå.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2013 i Moskva: Gullmedalje i høgdehopp – 2,41 m, framom Mutaz Essa Barshim (2,38 m) EM 2014 i Zürich: Gullmedalje i høgdehopp – 2,35 m, framom Andrij Protsenko (2,33 m) VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 2,33 m, likt med Zhang Guowei OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje – 2,33 m VM 2017 i London: Nr 9 – 2,25 m VM 2019 i Doha: Utslått i kvalifiseringa (–) EM 2022 i München: Utslått i kvalifiseringa (2,17 m=nr 14)
Merknadar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bohdan Bondarenko» frå , den 21. juli 2015.
World Athletics
Kategori:Ukrainske høgdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Ukraina Kategori:Europameistrar i friidrett for Ukraina Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Ukraina Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016