Kiryat Ekron eller Qiryath Eqron er ein by på kystsletta i det sentrale Israel. Kiryat Ekron er kalla opp etter den bibelske byen Ekron, ein stor filistarby som ein gong eksisterte nær Tel Mikne.S. Gitin, T. Dothan, and J. Naveh, «A Royal Dedicatory Inscription from Ekron,» Israel Exploration Journal 47 (1997): 9-16

Kiryat Ekron vart grunnlagd i 1948, som Kfar Ekron. Etter krigen slo nye immigrantar frå Jemen og Bulgaria seg ned i dei gjenverande husa. I november 1948 vart det grunnlagd to ma'abaraar på området til landsbyen, Aqir ma'abara og Givat Brenner ma'abara. I 1953 vart Aqir ma'abara offisielt ein del av Kfar Ekron, Givat Brenner ma'abara i 1955. Frå 1954 til 1963 høyrte Kfar Ekron til Givat Brenner regionale kommune. I 1963 vart namnet på byen endra til Kiryat Ekron og han vart ein sjølvstendig lokal kommune.

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå var folketalet i Kiryat Ekron 9 800 i 2004.

Kiryat Ekron ligg like sør for byen Rehovot langs hovudveg 411. Det største handelssenteret i Israel, Bilu Centre, ligg i Kiryat Ekron. Senteret vart bygd ut seint i 1990-åra på landområde som tidlegare var jordbruksland, særleg sitruslundar. Ein prøvde å slå Kiryat Ekron saman med Rehovot i 2003, men innbyggjarane protesterte og han vart verande sjølvstendig.

Venskapsbyar Kiryat Ekron er venskapsby med: Bussy-Saint-Georges i Frankrike Akron i Ohio i USA

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kiryat Ekron» frå , den 6. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Kommunar i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1948 Kategori:1948 i Israel