Tzoran-Kadima (hebraisk skrift צוֹרָן-קָדִימָה), òg kalla Kadima-Tzoran, er ein lokal kommune i Sentral-Israel i Israel. Han vart danna i 2003 då Tzoran og Kadima vart slått saman til éin kommune.
Folketalet i Tzoran-Kadima var i desember 2009 16 800, opp frå 15 700 i slutten av 2004. Dei fleste av innbyggjarane er jødar.
I Tzoran-Kadima ligg museet «Ta'am Shel Pa'am» ('Ein smak av det gamle') som fortel historia til busetnaden.
Historie Kadima Kadima vart grunnlagd den 5. juli 1933 som eit jordbrukssamfunn etter initiativ frå Yehoshua Hankin. Dei fleste nybyggjarane var tyske immigrantar. Kadima vart erklært ein lokal kommune i 1950, og slått saman med Tzoran i 2003.
Kadima tyder «framover» på hebraisk, og kjem frå eit bibelvers (Habakkuk 1:9).
Tzoran Tzoran, som tyder silisium, vart grunnlagd i 1992 og planlagt av arkitekten Rachel Walden. Busetjinga vart kalla opp etter ein hashmoneisk by som hadde lege i området. Han vart først busett i 1994 og erklærte ein lokal kommune i 1997, fram til han vart slått saman med Kadima i 2003.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tzoran-Kadima» frå , den 6. juli 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Kommunar i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1933 Kategori:1933 i Palestina Kategori:2003 i Israel