mini|Flåmselvi i juni 2008. Oktoberflaumen i 2014 var ein flaum i Noreg som vart forårsaka av eit langvarig regnvêr i oktober som kulminerte i svært store nedbørsmengder i slutten av månaden, kombinert med snøsmelting i fjellet.Løset, Oddleif, Eirik Hildal og Geir Bjarte Hjetland, NRK Sogn og Fjordane, 28.10.14: Ordføraren i Aurland til innbyggjarane i Flåm: Evakuer til Fretheim hotell. Vitja 14. juli 2015.Skovro, Tone Lin S., NRK Sogn og Fjordane 28.10.14: Det skal framleis regne i bøtter og spann. Vitja 03.07.15. Dei største flaumskadane skjedde mellom 28. og 29. oktober, og det var Hordaland og Sogn og Fjordane som vart hardast ramma, spesielt i Odda, Lærdal, Aurland og Voss kommune. Mellom anna vart fem hus i tettstaden Odda og tre hus i Flåm tekne av elva og det kom store skadar på vegnettet.Oldeide, Adalheidur A., NRK Hordaland, 01.11.14: Sjå oversikt over dei enorme øydeleggingane. Vitja 03.07.15Hjetland, Geir Bjarte, Oddleif Løset og Eirik Hildal, NRK Sogn og Fjordane, 29.10.14: Tre hus tekne av flaum i Aurland. Vitja 14. juli 2015. Fleire hundre måtte evakuerast anten fordi det var fare for liv og helse eller fordi husa deira vart isolerte av vassmengdene. Berre i Aurland kommune var til saman 252 personar evakuerte den 29. oktober.Felde, Grimeland, Guddal og Hjetland, NRK Sogn og Fjordane, 29.10.14: - Sterke opplevingar for dei som stod i det. Vitja 15. juli 2015. Tal frå forsikringsselskapa viser at flaumen gjorde skade for over 400 millionar kroner.NTB/ Aftenposten, 20.11.14: Skader for 400 millioner etter oktoberflom på Vestlandet. Vitja 03.07.15. Trass i det store skadeomfanget var det ingen menneskeliv som gjekk tapt; hydrolog Inger Karin Engen ved Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) karakteriserte det som eit under at det ikkje blei skadar på liv og helse under flaumen. Engen sa også at «Dette har vore ein flaum som er himmelhøgt over noko vi tidlegare har registrert. Det er heilt ekstremt.»Rommetveit, Astrid, yr.no, 29.10.14: - Det som skjer er skummelt. Vitja 16. juli 2015. (Omsett frå bokmål). Flaumen har likevel ikkje blitt gjeve noko personnamn slik mange ekstremvêr av denne dimensjonen får.

Vêrsituasjonen og nedbørsmengder Vêret dei siste vekene av oktober var prega av ein kraftig jetstraum som gjekk i bane frå Karibia mot Skandinavia, og førte med seg ei rekkje kraftige, milde og våte lågtrykk rett inn mot Vestlandet. Sidan varmare luft kan halda på meir fukt enn kaldare luft, var den milde lufta medverkande til dei store nedbørsmengdene som kom. Det regna godt i heile oktober, og vassmettinga i bakken var derfor alt stor då dei enorme nedbørsmengdene som skapte flaumen kom. Over ein periode på tre dagar var det mange stader på Vestlandet som fekk over 200 mm nedbør, og våtast av alle var Opstveit i Kvinnherad som fekk 332,2 mm. Dette var likevel berre den åttande høgaste tredagarsmålinga som er gjort, og sist gong det regna meir i landet var i januar 2006 då Åfjord i Trøndelag fekk 345,9 mm nedbør på tre dagar. Rekorden for tredagarsnedbør høyrer til Indre Matre, som er like i nærleiken av Opstveit, og er på 402,4 mm, målt den 27. november 1940.

Stad Kommune Fylke Nedbør (mm) Opstveit Kvinnherad Hordaland 332,2 Eikemo Etne Hordaland 304,5 Kvam Kvam Hordaland 300,2 Kritle Etne Hordaland 261,3 Haukeland Masfjorden Hordaland 250,0 Kvamskogen Kvam Hordaland 249,4 Jordalen Voss Hordaland 247,8 Hundseid i Vikedal Vindafjord Rogaland 246,4 Takle Gulen Sogn og Fjordane 229,8 Modalen Modalen Hordaland 227,8 Øvre Krossdalen Jondal Hordaland 226,8 Hovlandsdal Fjaler Sogn og Fjordane 219,5 Suldalsvatn Suldal Rogaland 208,8 Røldalsfjellet Odda Hordaland 202,9

Flaumvarsel, straumbrot og stengde reisevegar

Allereie laurdag 25. oktober varsla NVE om storflaum den komande tysdagen.Jørgensen, Lisbeth og Martin Fjørtoft, nrk.no, 29.10.14: NVE ville ikke skape unødvendig uro. Vitja 15.07.15 Måndag den 27. oktober var det nihundre husstandar i Sotra og Øygarden som var utan straum, blant anna på grunn av at det kraftige regnvêret skapte problem på straumnettet.Bakken, Sigrid Grøm, NRK Hordaland, 27.10.14: Flere hundre uten strøm etter uvær. Vitja 13.07.15. Same dagen sende både NVE og Vêrvarslinga på Vestlandet ut OBS-varsel om flaum og jordskredfare for Hordaland og Sogn og Fjordane, det vart meldt 110–130 mm på dei mest utsette stadene. Det vart venta mest nedbør i indre og midtre strok.Oldeide, Adalheidur A., NRK Hordaland, 27.10.14: Fabrikken full av vatn - no blir det enno våtare på Vestlandet. Flaumvarselet var oransje fleire stader, slik som i Aurland, men mellom anna for Voss vart det oppgradert til raudt, det høgaste nivået.

I Sogn og Fjordane var minst ni fylkesvegstrekningar stengde den 28. oktober, anten på grunn av store vassmengder eller på grunn av ras og rasfare. Det var også vanskeleg å gjera oppryddingsarbeid sidan det var venta kraftig nedbør. Også Riksveg 5 mellom Førde og Florø var lenge stengd på grunn av ras.Aase, Stein Jarle og Løset, Oddleif, NRK Sogn og Fjordane, 28.10.14: Riksveg 5 kan bli stengd i fleire timar. Vitja 14. juli 2015. Utover dagen vart både Bergensbana og Flåmsbana stengde og over 30 vegar overfløymde, inkludert E16. Bergensbana måtte halda stengt ut veka på grunn av flaumskader,Otterlei, Simen Sundfjord, NRK Hordaland, 30.10.14: Bergensbanen stengt frem til neste uke. og opna att fyrst den 3. november.Otterlei, Simen Sundfjord, NRK Hordaland, 03.11.14: Togene ble så forsinket at NSB gikk tilbake til buss. Vitja 15. juli 2015.

Flaumen den 28.-29. oktober

Aurland mini|Flåmselvi i mai 2014. Om kvelden den 28. oktober bad ordføraren i Aurland kommune, Noralv Distad, innbyggjarane i Flåm om å evakuera til Fretheim hotell, av di Flåmselvi fløymde over. NVE sin målestasjon i Flåmsdalen målte då elvestraumen til 120 kubikk (120 000 liter) vatn i sekundet. Det vart lagt opp sandsekker for å halda vatnet unna. Fleire vegar i området hadde då vorte stengde, også Flåmsbana vart stengd, og det førte til at både Flåm og den vesle bygda Undredal vart heilt isolerte. Ei gruppe japanske turistar måtte evakuerast ut frå eit tog på Flåmsbana. I Undredal vart bilvegen vaska vekk av elvevatn og brua til Flåm skule vart teken av elva. Seinare på kvelden tok ein til å aktivt evakuera innbyggjarane i Flåm, mellom anna ved hjelp av redningshelikopter. 143 menneske vart evakuerte til bygda Aurland før evakueringa vart avslutta natt til 29. oktober. Tre hus i Flåm vart tekne av elva. På nettsidene til kommunen vart alle som kjende seg utrygge oppfordra til å evakuera til Fretheim hotell, og om det ikkje er mogleg å reisa til naboar eller høgareliggjande område. Flåmsbrygga hotel vart også evakuert.Løset, Oddleif, NRK Sogn og Fjordane, 28.10.14: Ordføraren var sjølv med på evakuering. Vitja 14. juli 2015. Til saman var 252 personar evakuerte i Aurland onsdag den 29. oktober. Onsdagen måtte ein også evakuera 17 personar som budde på gardane Ryo og Indrelid i Flåmsdalen, med redningshelikopter. Gardane var vortne isolerte av flaumen. Ingen av dei evakuerte i kommunen fekk lov til å flytta heim att før torsdag 30. oktober.Stølen, Kjell Arvid, NRK Sogn og Fjordane, 29.10.14: Ingen får flytte heim før i morgon. Vitja 15. juli 2015.

Ein av dei som miste huset sitt i Flåmsdalen, var ein eldre mann som var ute for å flytta bilen sin då huset hans brått blei teke av elva.Stølen, Kjell Arvid, NRK Sogn og Fjordane, 29.10.14: Han gjekk ut for å flytte bilen - då tok elva huset hans. Vitja 15. juli 2015. Ei gruppe på fjorten personar i Flåmsdalen valde å flykta oppover mot eit platå i fjellet medan dei venta på å bli evakuerte med helikopter. Ei dame i gruppa fortalde at då ho såg to av nabohusa sine bli tekne av flaumen, torde ho ikkje å bli verande lengre. Ein lokal mann køyrde folk oppover frå husa deira mot fjellet natt til den 29., og kommenterte: «Det blir spanande å sjå om huset mitt står i morgon!»Hildal, Eirik, Arve Uglum og Eldgrim Fossheim, NRK Sogn og Fjordane, 29.10.14: Flykta oppover og såg husa forsvinne. Vitja 15. juli 2015. I Flåm var vasstanden på veg ned att den 29. oktober.

Voss

Tysdag 28. oktober fekk elva Vosso den største vassføringa nokon gong sidan målingane begynte i 1892.Helgheim, Sindre Vik, Simen Sundfjord Otterlei og Asle Hella, NRK Hordaland, 28.10.14: Flommen stenger bane og veier på Vestlandet. Vitja 14. juli 2015. Vassføringa ut av Vangsvatnet låg på mellom 770 og 780 kubikkmeter i sekundet.Rommetveit, Astrid, yr.no, 29.10.14: - Det som skjer er skummelt. Vitja 16. juli 2015. Ein kunne snart konstatera at det blei 200-årsflaum på Voss. Langebrua i sentrum vart stengd av di ein frykta ho ville kollapsa av vassmengdene, medan Tintabrua, ei gangbru over Vosso, vart teken av flaumen. Politiet rådde folk til ikkje å ferdast inn eller ut av Voss tysdagskvelden. Elektrisiteten forsvann i eit område frå Palmafossen til Evanger.Knudsen, Kaspar og Siri Kleiven Strøm, NRK Hordaland, 28.10.14: 200-års flom på Voss - fryktet bro ville kollapse. Vitja 14. juli 2015. Heile fyrste etasjen i det fire år gamle Voss kulturhus blei fylt med vatn og gjorde store skadar.Tvilde, Kari Nygard og Siri Kleiven Strøm, NRK Hordaland, 05.11.14: - Spørsmålet er kvar me skal bu. Vitja 15. juli 2015. Vatnet rann også inn i redaksjonen til Avisa Hordaland, som jobba med å dekkja nyheiter om flaumen.Knudsen, Kaspar og Sindre Vik Helgheim, NRK Hordaland, 28.10.14: Lokalavisen slått ut av vannmengdene. Vitja 14. juli 2015. Voss ungdomsskule ved Vangsvatnet måtte halda stengt 29. oktober då vatnet flaut inn på skuleplassen og rundt skulebygningane.Tvilde, Kari Nygard, NRK Hordaland, 29. oktober 2015: Voss ungdomsskule stengt. Vitja 15. juli 2015. Nortura sin fabrikk på Evanger vart stengd tysdagen fordi vatnet stod ein meter høgt inne i fabrikklokalet.Hauso, Tale og Oldeide, Adalheidur A., NRK Hordaland, 28.10.14: Fabrikken står ein meter under vatn. Vitja 14. juli 2015. Fabrikken måtte kasta store mengder kjøtprodukt, mellom anna fem tonn pinnekjøt.Tvilde, Kari Nygard og Espen Hatlestad, NRK Hordaland, 31.10.14: Må kaste fem tonn pinnekjøt. Vitja 15. juli 2015. Då Erna Solberg seinare vitja dei flaumråka kommunane, sa ho at skadane på Voss var annleis enn i dei andre råka kommunane av di elva der seig utover og ikkje fekk den farten og krafta som til dømes Flåmselvi og Opo fekk.Skovro, Tone Lin Støfring og Eva Marie Felde, NRK Sogn og Fjordane, 01.11.14: Statsministeren fekk sjå dei enorme øydeleggingane i Flåm. Vitja 15. juli 2015.

Lærdal mini|Lærdalsøyri i 2012. Då flaumen kom til Lærdal var det berre ni månader sidan Lærdalsbrannen hadde herja og totalskadd over 40 hus. Lærdalselvi og fleire sideelvar fløymde over breiddene sine. Over 30 personar måtte evakuerast der den 28. oktober.Felde, Eva Marie og Sindre Sunde Tveit, NRK Sogn og Fjordane, 29.10.14: - Det var som eit lavautbrot. Vitja 15. juli 2015. Dei vart plasserte på Ljøsne skule, same evakueringsstaden som vart brukt under brannen. Ordførar Jan Geir Solheim var sjølv med på evakueringa. Det rann om lag 100 kubikk vatn i Lærdalselvi per sekund tysdagskvelden. Straumen og mobilnettet gjekk i store delar av kommunen tysdagskvelden, men ein del fekk att straumen.Fossheim, Eldgrim, Stine Kyrkjebø Johansen og Eva Marie Felde, NRK Sogn og Fjordane, 28.10.14: Straumen tilbake i delar av Lærdal. Vitja 14. juli 2015. 23 av 31 evakuerte i Lærdal fekk flytta heim att i løpet av onsdagen.Hildal, Eirik, Arve Uglum og Gro Ravnestad, NRK Sogn og Fjordane, 29.10.14: Dette er status i Aurland og Lærdal. Vitja 15. juli 2015.

Odda

Dei 16 pasientane på Odda sjukehus vart evakuerte til sjukeheimen i nærleiken den 28. oktober rundt kl. 19.30. Grunnen var at det blei fare for eksplosjon då elva Opo rann innunder ein oksygentank.Knudsen, Kaspar og Leif Rune Løland, NRK Hordaland, 28.10.14: Fryktet eksplosjon - evakuerte sykehus. Vitja 14. juli 2015.