Dolmar GmbH er eit tysk førtak, eigd av Makita. Dolmar produserer motorsager og hagereiskapar. Hovedkontoret ligg i bydelen Hamburg-Wandsbek i Hamburg. Føretaket var, saman med konkurenten Stihl, ein av pionerane innan utvikling og produksjon av motorsager, og er spesielt kjent for tomannssagene sine. Føretaket er oppkalla etter Dolmarfjellet i Thüringen.

Soge mini|Dolmar A. Sverdet kunne tippast opp, slik at saga kunne stp horisontalt ved kapping. mini|Dolmar CV. Føretaket vart stifta av Emil Lerp i 1927, som tidlegare hadde vore salgsrepresentant for Rinco. Den fyrste Dolmar-saga, modell A, hadde ein to-sylindra totaktsmotor med eit slagvolum på 246 cm³. Dette var ei stor og tung sag, men ho var etter måten driftsikkerLee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publ., 2006.. I 1929 kom Alfonso Lange inn som partnar i føretaket. I 1930 var det rundt 200 tilsette ved fabrukken i Hamburg. På 1930-talet vart det eksportert ein god del Dolmar-sager til Nord-Amerika. I 1930 kom den forbetra tomannssaga C, I 1938 kom det enda ei ny tomannssag, modell CL, som vart produsert heilt til 1964.

I 1952 tok Dolmar til å produsera einmannssaga CP, som hadde girdrift og vridbart sverd, slik at ho kunne nyttast både for felling og kapping. I 1957 kom model CF, som hadde membrannforgassar.

I 1975 vart kjøpte Fichtel & Sachs seg inn i føretaket og fekk aksjemajoriteten. Grunnen var truleg at dei ynskte å syna at wankelmotoren høvde bra som motorsagmotor. Etter som wankelmotoren er så godt som vibrasjonsfri verka dette lovande, men motorsager med wabkelmotor vart ingen kommersial suksess. I 1991 vart Dolmar oppkjøpt av det japanske føretaket Makita. Dolmar produserer framleis motorsager, men er ikkje lenger ein leiande produsent.

Galleri

Referansar

Kategori:Motorsagprodusentar Kategori:Tyske føretak