Olivenmaskepapegøye (Hapalopsittaca fuertesi) er ein liten, kritisk truga papegøye, endemisk for Colombia med utbreiing i vestsida av sentrale Andes i grenseområdet mellom departementa Quindío, Risaralda og Tolima. Arten var første gongen skildra i 1911, deretter var han ikkje rapportert eller trudd å vere utrydda i ein periode fram til 2002. American bird conservancy "Missing" South American Parrot Rediscovered After 90 years, Photographed For the First Time Henta 19. april 2015

Skildring Olivenmaskepapegøyen er om lag 24 cm lang og veg ca. 124 gram. Dette er ein grøn papegøye med relativt kort hale. Han har indigo vengfjører, krimsonraude skuldrer, og ei blå krone. Nebbet er bleikt elfenbeinfarga med kastanjebrune fjører ved nebbrota. Kjønna er like. Lætet til denne arten er eit ufint 'kraaa'.

Det naturlege habitatet for denne arten er våt, temperert tåkeskog med epifyttar i høgder på 2610 til 3490 moh. Her lever han helst av frukter av tre i sandeltrefamilien, Eremolepidaceae.

Forplantingsbiologien er godt kjend. Arten har hekkeperiode i perioden januar til mai. Dei legg tre eller fire egg som blir ruga av hofuglen i 24 til 26 dagar. Begge foreldre tar omsut for ungane, det tar opptil 65 dagar til ungane kan flyge.

Populasjonen er estimert til mellom 230 og 300 modne individ, og er no trudd å vere aukande etter vernearbeid og utplassering av fuglekassar for reirplass. Grunnen for svake utviklinga er langvarig avskoging som har ført med seg mangel på tre til reirplass. IUCN har klassifisert arten som sterkt truga, EN.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Indigo-winged Parrot» frå , den 19. april 2015.

Collar, N., Boesman, P. & Kirwan, G.M. (2014). Indigo-winged Parrot (Hapalopsittaca fuertesi) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 19. april 2015 Referansar

Bakgrunnsstoff

Bilete frå Flickr ved Alonso Quevedo Gil / Fundación ProAves

Kategori:Parakittar Kategori:Fuglar endemiske for Colombia Kategori:Fuglar i andesregionen