Keith Leroy Connor () er ein tidlegare friidrettsutøvar som tevla for Storbritannia i tresteghopp. Han vann gullmedaljen i øvinga ved europmeisterskapen 1982 i Aten og bronsemedaljen i same øving under OL 1984 i Los Angeles.
Aktiv Connor er fødd i Anguilla i Karibia, og flytta med foreldra til Storbritannia i 1964. Han vart samveldemeister i 1978 og 1982 med etter hopp på høvesvis 17,21 m og 17,81, det siste i for sterk medvind. I 1978 kom han elles på sjetteplassen i EM i Praha.
I juni 1982 sette Connor i Provo i Utah sin personlege rekord på 17,57 m. To månader seinare vart han europameister med eit bestehopp på 17,29 m. Under dei olympiske leikane i Los Angeles i 1984 fekk han ein bronsemedalje, i ei tevling der mange av dei beste tresteghopparane i verda ikkje stilte til start, då mange land, særleg austeuropeiske, boikotta leikane.
Skadar førte til at Connor la opp etter OL-sesongen 1984. Han har sidan arbeidd som trenar, mellom anna var han landslagssjef for Australia i perioden 2001-06.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1978 i Praha: Nr 6 – 16,64 m OL 1980 i Moskva: Nr 4 – 16,87 m EM 1982 i Aten: Gullmedalje – 17,29 m, framom Vasilij Grisjtsjenkov (17,15 m) VM 1983 i Helsingfors: Utslått i kvalifiseringa (16,18 m = nr 15) OL 1984 i Los Angeles: Bronsemedalje – 16,87 m
Kjelder
World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Keith Connor» frå , den 19. april 2015.
Kategori:Britiske tresteghopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984