The Last DJ er det 11. studioalbumet til Tom Petty and the Heartbreakers. Songane «The Last DJ», «Money Becomes King», «Joe» og «Can't Stop the Sun» er alle åtak på grådigheita Petty meiner finst i musikkindustrien.

Petty hevda først at både albumet og tittelsporet var fiksjonsverk, men innrømde seinare at dei begge var inspirerte av DJen Jim Ladd frå Los Angeles,.

Ein avgrensa digipack-versjon av albumet vart gjeven ut med ein DVD med musikkvideoar og andre opptak frå innspelinga av albumet.

Albumet nådde niandeplassen på Billboard 200, medan singelen «The Last DJ» nådde 22. plassen på Billboard Mainstream Rock Tracks i 2002. Fram til 2010 hadde The Last DJ seld 353 000 eksemplar i USA i følgje Nielsen SoundScan.McKnight, Connor. «Tom Petty and the Heartbreakers Announce New Album, Tour". billboard.com. 25. februar 2010.

Albumet markerte òg tilbakekomsten til den første Heartbreaker-bassisten Ron Blair, som erstatta sin eigen erstattar, Howie Epstein, som på denne tida hadde skrantande helse og døydde kort tid seinare av ein heroinoverdose. Blair kom inn seint i prosessen og Petty og Campbell spelte det meste av bassen på albumet sjølv.

Innhald Tom Petty, utanom der andre er nemnde

Medverkande Tom Petty – gitarar, vokal, piano, ukulele, bass på «The Last DJ», «Money Becomes King», «Joe», «Like a Diamond», «Blue Sunday», «You and Me» og «Have Love Will Travel» Mike Campbell – gitarar, bass på «Dreamville», «When A Kid Goes Bad» og «The Man Who Loves Women» Benmont Tench – piano, organ, klaverinstrument Scott Thurston – gitar, lap steelgitar, ukulele, korvokal Steve Ferrone – trommer Ron Blair – bass på «Lost Children» og «Can't Stop The Sun» Lenny Castro – perkusjon Lindsey Buckingham – korvokal på «The Man Who Loves Women» Jon Brion – orkesterarrangement og dirigent

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Last DJ» frå , den 15. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tom Petty-album Kategori:Musikkalbum frå 2002 Kategori:Album produserte av Tom Petty Kategori:Musikkalbum produserte av George Drakoulias Kategori:Warner Bros. Records-album