«The Last DJ» er ein song skriven av Tom Petty og spelt inn av det amerikanske rockebandet, Tom Petty and the Heartbreakers. Han vart gjeven ut i september 2002 som den første singelen frå albumet med same namn. Songen fekk moderat suksess og nådde 22. plassen på Billboard Mainstream Rock Tracks i 2002. Songen vart bannlyst på mange radiostasjonar eigd av Clear Channel Communications fordi han var «anti-radio».

Bakgrunn og skriving Petty sa til Mojo at i songen så var «Radio berre ein metafor. ‘The Last DJ’ handlar i røynda om tapet av eit moralsk kompass, vårt moralske senter». The Last DJ Songfacts Petty fortalte Jim DeRogatis at songen er ei soge «om ein D.J. i Jacksonville i FLorida så vart så frustrert av å ikkje få spele dei songane han ville på radio, at han flytta til Mexico for å få fridomen sin attende. Songen vert sungen av ein forteljar som er ein fan av denne DJen.» Damn the Torpedoes

Innhald Songen er eit åtak på selskap som tok over radiostasjonar seint i 1990-åra. Radiostasjonar hadde eitt enkelt musikkprogram som gjekk i opptak på mange forskjellige stasjonar. Selskapa sparte slik pengar, men mista samstundes kontakten med dei lokale lyttarane.

Lister Liste (2002) Plassering U.S. Billboard Mainstream Rock Tracks 22

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Last DJ (song)» frå , den 15. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tom Petty & The Heartbreakers: The Last DJ (2002): Reviews at Metacritic.

Kategori:Songar frå 2002 Kategori:Singlar frå 2002 Kategori:Tom Petty-songar Kategori:Songar skrivne av Tom Petty