Ein Ayala (hebraisk skrift עֵין אַיָּלָה, tyder Hjortekjelda) er ein delvis felles moshav nord i Israel. Han ligg ved foten av Karmelberget kring 20 km sør for Haifa og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 789.

Historie Moshaven vart grunnlagd i 1949 av emigrantar frå Tsjekkoslovakia. I følgje Benny Morris, høyrte landområdet til den avfolka palestinsk-arabiske landsbyen Ayn Ghazal,Morris, 2004, s.xxii, settlement #118 men Walid Khalidi skriv at dette ikkje er korrekt.Khalidi, 1992, s.148.

I dag er er gardsbruk hovudnæringa til moshaven, hovudsakleg dyrking av grønsaker og frukt. Mange av innbyggjarane arbeider òg i Haifa.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Ein Ayala» frå , den 8. april 2015.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Tsjekkisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Haifa distrikt Kategori:Slovakisk diaspora i Israel