Ofer (hebraisk skrift עֹפֶר, tyder 'Hjortekalv') er ein moshav nord i Israel. Han ligg sør for Haifa og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 402.

Moshaven vart grunnlagd i 1950 av emigrantar frå India og Iran. Namnet kjem frå Ayn Ghazal (tyder Hjortekjelda), den avfolka arabiske landsbyen som eigde landområdet moshaven vart bygd på. Jordbruksinntektene kjem frå kvegdrift, sauehald og høns, i tillegg til at det vart dyrka grønsaker og blomar. Noko av inntektene kjem òg frå turisme.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ofer» frå , den 8. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Indisk diaspora i Israel Kategori:Iransk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Haifa distrikt