Dovev () er ein moshav nord i Israel. Han ligg i Øvre Galilea kring 7 km nord for Har Meron, nær grensa til Libanon, og høyrer til Merom HaGalil regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 443.

Historie Moshaven vart grunnlagd i 1963 av immigrantar til Israel frå Marokko og Iran. Han vart kalla opp etter David Bloch-Blumenfeld (Dovev er eit akronym for initialane hans), ein av leiarane i Arbeidarrørsla i Israel som var borgarmeister i Tel Aviv. Aust for moshaven ligg eit naturreservat, vatnet Dovev.

Dovev ligg på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Kafr Bir'im, som låg nordvest for landsbyen., p.461

Innbyggjarane i Dovev vart evakuerte av tryggleiksårsaker under Operasjon sinte druer i 1996 og under Libanonkrigen i 1982. I 2006, lands fire Katyusha-rakettar i utkanten av moshaven, og øydela frukttre.Moshav Avivim still stands determined during tensions

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dovev» frå , den 16. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Dovev on the Bet-Alon website mini|800px|center|Dovev panorama

Kategori:Iransk diaspora i Israel Kategori:Marokkansk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1963 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1963 i Israel