Kerem Ben Zimra () er ein moshav nær Safed i Øvre Galilea nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune.
Oversyn Den arabiske landsbyen Al-Ras al-Ahmar som ligg same stad, vart avfolka i 1948.Khalidi, Walid (1992), All That Remains, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, ISBN 0-88728-224-5, p488. Moshaven vart grunnlagd i 1949 av immigrantar til Israel frå Tyrkia, og sidan kom immigrantar frå Romania og Marokko til. Rabbinaren Meir Yehuda Getz (1924–1995), ein kabbalist og den første rabbinaren ved Vestmuren i Jerusalem, var ein av grunnleggjarane av moshaven. Moshaven er kalla opp etter rabbinaren David Ben Zimra, som vart gravlagd i lag med faren Yosef nær moshaven.
Kerem Ben Zimra naturreservat I 1968 vart det oppretta eit 68 mål stort naturreservat sør for moshaven.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kerem Ben Zimra» frå , den 16. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Naturreservat i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel