Mishmar HaEmek (, tyder Dalvoktaren) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Jezreeldalen, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 964.

Historie mini|venstre|Mishmar HaEmek, 1933 Hausten 1942, då det var frykt om ein tysk siger i Midtausten, vart Mishmar HaEmek nytta som ein treningsleir av den britiske hæren. 160 jødiske frivillige, som seinare vart medlemmar av Palmach-greina av Haganah, fekk opplæring av det britiske ingeniørkkorpset innan sabotasje og trådlause operasjonar. Fleire tonn eksplosivar vart gøymde i kassar i området i tilfelle ein tysk okkupasjonen. Då opplæringa var over måtte alt utstyret og eksplosivane gjevast attende britane.Naomi Shepherd, "Ploughing the sand - British rule in Palestine 1917-1948".ISBN 0 7195 5707 0. Pages 215-220.

I 1947 hadde Mishmar HaEmek 550 innbyggjarar. Jewish National Fund og Worton Hall Studios lagde ein film i 1947 kalla The Great Promise (Dim'at Ha'Nehamah Ha'Gedolah), og fleire scenar vart filma her.Internet Movie Database

Den 4. april 1948 vart kibbutzen angripen av den arabiske frigjeringshæren.Benny Morris, "The Birth of the Palestinain Refugee Problem". ISBN 0-521-33028-9. s. 115. Åtaket byrja med artilleribombardement frå sju artillerivåpen, som den syriske hæren hadde gjeve.Larry Collins/Dominique Lapierre, O Jerusalem. Historie Book Club, London, (1972) (hb). p.281. They count seven 75 millimeter and three 105 millimeter guns. Under motåtaket øydela Haganah åtte kringliggande, arabiske landsbyar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mishmar HaEmek» frå , den 15. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1922 Kategori:1922 i Palestina Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Polsk diaspora i Israel