Ramot Menashe (, tyder Menashehøgdene) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg på Menasheplatået mellom Karmelberget og Jezreeldalen, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2011 var folketalet 1 013 og vart same året ein del av eit biosfærereservat.

Historie Ramot Menashe vart grunnlagd i juli 1948 av immigrantar frå PolenVered, Abraham & Porat, Lynne (2012). Ramot Menashe: Memories from the First Decade. Charleston, SC: Create Space., mange av dei Holocaust-overlevande som hadde delteke i ghetto-opprøra mot nazistane. Opp gjennom tida har folk frå forskjellige land kome til, som frå Chile, Uruguay, Argentina, Brasil, Cuba og Israel, alle medlemmar av den sosialistiske sionistrørsla Hashomer Hatzair.

I 1990-åra vart Ramot Menashe privatisert, og i 2007 tok han i mot 138 nye familiar.

I følgje den israelske historikaren Benny Morris,Morris, Benny (2004). The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited. Cambridge: Cambridge University Press. p. xx. ligg kibbutzen på landområde nær Daliyat al-Rawha', ein avfolka arabisk landsby, medan den palestinske historikaren Walid Khalidi skriv at landområdet høyrte til den tidlegare landsbyen Sabbarin.Khalidi, Walid (1992). All That Remains: The palestinske Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies. pp. 158, 187.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ramot Menashe» frå , den 15. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1948 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Polsk diaspora i Israel Kategori:1948 i Israel