Pack Up the Plantation: Live! er det første konsertalbumet av Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut i november 1985. Det vart stort sett spelt inn i Wiltern Theatre i 1985, men inneheld òg eit par songar frå tidlegare år. Det vart gjeve ut som eit dobbeltalbum på vinyl, ein enkel kassett og CD.

Ein konsertfilm frå Wiltern Theatre, òg kalla Pack Up the Plantation: Live! vart gjeve ut på heimevideo i 1986. Han inneheld songar som ikkje var med på albumet, som «Don't Do Me Like That» og «Don't Come Around Here No More», i tillegg til coverlåtane «Little Bit O' Soul» og «Route 66».

Innhald

Versjonane av «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» og «Don't Bring Me Down» kom seinare ut på Playback; «So You Want...» var òg med på Anthology: Through the Years. Dei to songane som berre finst på vinyl og kassett, vart aldri offisielt gjeve ut på CD.

Innspelingar

Dei fleste songane vart spelte inn ved Wiltern Theatre i Los Angeles i California, 7. august 1985 utanom,

«Don't Bring Me Down» – Paradise Theater, Boston, Massachusetts, 16. juli 1978 «Stories We Could Tell» – Hammersmith Odeon, London, England, 7. mars 1980 «Needles and Pins» & «Insider» – The Forum, Los Angeles, California, juni 1981 «Shout» – The Coliseum, Richfield, Ohio, 19. mars 1983 «Rockin' Around (With You)» – Irvine Meadows Amphitheater, Irvine, California, juni 1983

Medverkande Tom Petty - 6 & 12-strengs elektrisk & akustisk gitar, solovokal Mike Campbell - sologitar, 12-strengs, lap steel & slidegitar Howie Epstein - bass, mandolin & harmonivokal Benmont Tench - klaverinstrument & vokal Stan Lynch - trommer & vokal

Soul Lips Horns: (på spor spelte inn i the Wiltern Theater) Jimmy Zavala - saksofon, munnspel Lee Thornburg - trompet, flygelhorn Nick Lane - trombone, eufonium

The Rebeletts: (på spor i the Wiltern Theater) Pat Peterson - korvokal, perkusjon Caroll Sue Hill - korvokal, perkusjon

Andre musikarar: Ron Blair - bass på «Insider», «Needles and Pins», «Stories We Could Tell» & «Don't Bring Me Down» Phil Jones - perkusjon på «Insider», «Needles and Pins», «Rockin' Around (With You)» & «Shout» Bobby Valentino - fiolin på «Stories We Could Tell» Stevie Nicks - vokal på «Insider» & «Needles and Pins»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pack Up the Plantation: Live!» frå , den 12. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tom Petty-album Kategori:Album produserte av Tom Petty Kategori:Konsertalbum frå 1985 Kategori:MCA Records-album