Sharona (hebraisk שָׁרוֹנָה) er ein moshav i Nedre Galilea regionale kommune i Israel.

Historie Tidleg på 1200-talet skildra geografen Yaqut al-Hamawi Sârûniyyah som «eit pass nær Tabariyya, der du går opp for å kome tiø At Tûr»Guy Le Strange, Palestine under the Moslems, s. 532 I 1596 budde det 17 muslimske familiar i landsbyen.Hütteroth, s. 187 I 1870 skreiv Guérin om Sarona: «Denne landsbyen er delt inn i to delar: Husa er bygds på to haugar i dalen. Dei får vatn frå ei kjelde lukka inne i eit slags lite, firkanta kammer.»Sitert i Survey of Western Palestina (1880), Vol 1, s. 361 Kring 10 år seinare noterte Survey of Western Palestina «basalt-steinhus, med kring 250 muslimar, på ei oppdyrka slette utan tre.»Survey of Western Palestina (1880), Vol 1, s. 361

I 1878 vart Sarona busett av tsjerkessisk flyktningar frå Kaukasus, men i 1910 hadde dei flytta andre stader og landsbyen var igjen erstatta av arabarar.Arieh Avneri, The Claim of Dispossession, s. 18, 106 Landområdet vart kjøpt frå arabarane av Jewish Colonization Association i 1910.

I 1913 vart det grunnlagd ei jødisk busetjing kalla Rama, men òg kalla Sarona, nær den arabiske landsbyen av folk frå Chicago.Joseph B. Glass, From New Zion to Old Zion: American Jewish Immigration and Settlement in Palestina, 1917-1939 (America-Holy Land Monographs,2002) s. 164–166 Den fyrste verdskrigen, dårlege tilhøve og mangel på arbeidskraft gjorde at busetjinga sleit med økonomien. I 1922 hadde den nye og den gamle busetjinga 77 arabiske innbyggjarar, men berre 15 jødar.Palestina Census of 1922, report page 39. Sommaren i 1923 kom fleire jødiske nybyggjarar til staden frå Kfar Yehezkel, med støtte frå Jewish National Fund, men mot slutten av 1928 stod busetjinga tom og landområdet vart gjeve til Palestine Jewish Colonization Association, etterkomaren etter Jewish Colonization Association. Halvparten av landområdet vart leigd ut til arabiske leigebuarar.Palestina Post, 20. november 1938, s. 2 I 1938 vart det grunnlagd ein moshav av medlemmar av Gordania-organisasjonen, betalt av Palestine Jewish Colonization Association og Agricultural Workers Federation. I 1945 var folketalet registrert til 110 jødar og ingen arabarar.Government of Palestina, Village Statistics 1945

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sharona» frå , den 2. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel