Dmitrij Petrovitsj Sokolov Kyrillisk skrift Дмитрий Петрович Соколов () var ein skiskyttar, leirdueskyttar og skytetrenar frå Fadjusjino i Kurgan oblast i dåverande Sovjetunionen, seinare Russland.

Sokolov var mellom pionerane då skiskyting vart ein internasjonal idrett. Han vart nummer ni på 20 km, den einaste VM-øvinga fram til 1964, då den fyrste verdsmeisterskapen i skiskyting vart avvikla i Saalfelden i Austerrike i 1958. Året etter tok han i italienske Courmayeur sølvmedaljen på 20 km, med tida 1.41.15 kom han i mål ti sekundar etter landsmannen Vladimir Melanjin.

Både under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley og VM i skiskyting 1961 i Umeå, enda Sokolov på sjetteplassen. Han vart sovjetisk meister i skiskyting både i 1958 og 1961.

Frå 1963 deltok han i leirdueskyting.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Dmitri Petrowitsch Sokolow» frå , den 2. mars 2015.

Kategori:Sovjetiske skiskyttarar Kategori:Russiske skiskyttarar Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1960