Kfar Kisch eller Kfar Kish (hebraisk כְּפַר קִישׁ) er eit jordbrukskollektiv (moshav) i Israel, i Nedre Galilea regionale kommune, langs Tabor.

Han vart grunnlagd i 1946 av jødiske soldatar som hadde kjempa i den britiske hæren i andre verdskrigen, men politiske usemjer førte til at mange av pionerane drog i løpet av det første året. Vassmangel tvang innbyggjarane til å transportere vatn frå Nahal Tavor utan skikkeleg utstyr, og fram til 1953 drog stadig fleire innbyggjarar. Etter 1953 betra tilhøva seg og Kfar Kisch byrja å ta inn jødiske emigrantar frå Polen, Ungarn og Sovjetunionen.

Landsbyen vart kalla opp etter sionistleiaren Frederick Kisch.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kfar Kisch» frå , den 2. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1946 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1946 i Palestina