Beit Rimon (hebraisk בֵּית רִמּוֹן, tyder Granateplehuset) er ein religiøs kibbutz i Israel. Han er kalla opp etter den bibelske Rimon i Sebulon-stammen (Josva 19:13), som «er identified med er-Rumane»Negev,Avraham/Gibson,Shimon, Archaeological Encyclopedia of the Holy Land, New York/London 2001, s.436, ISBN 0-8264-1316-1 (English), som i dag er den arabiske landsbyen Rumana, 2 km mot vest. Han ligg i Nedre Galilea på ryggen til fjellet Toraan, 400 meter over havet, i Nedre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 294.
Han vart først busett i 1977 som ei Nahal-busetjing og vart seinare ein sivil landsby i 1979. I dag bur det meir enn 60 familiar i landsbyen. Delar av dei bur i kibbutzen, delar av dei i private hus i eit fellesnabolag og delar i leigde hus i kibbutzen.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Beit Rimon» frå , den 2. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Den religiøse Kibbutzrørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1977 Kategori:Nahal-busetnader Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1977 i Israel