mini|Eit barn med prematur lukking (kraniosynostose) av lambdasaumen. Merk svulminga på høgre side. Kraniosynostose (av latin cranio, «kraniet»; syn, «saman»; og ostosis, «som gjeld knoklar») er ein tilstand hjå nyfødde der ein eller fleire av dei fibrøse skallesaumane forbeinar og lukkar seg for tidleg, slik at vekstmønsteret i hovudskallen endrar seg. Skallen klarar ikkje utvide seg vinkelrett til den forbeina saumen, så den kompenserer ved å vekse meir i den retninga som ligg parallelt til saumen. Av og til er vekstmønsteret tilstrekkeleg nok til å romma hjernen, men fører til unormal skalleform og unormale andletstrekk. Når kompenseringa er for lita vil kraniosynostose føra til auka hjernetrykk, som kan valda synshemjingar, søvnløyse, etevanskar, eller nedsett mental utvikling kombinert med monaleg nedsett IQ.
Kraniosynostose rammar eitt barn per 2000 fødslar. Kraniosynostose er ein del av eit syndrom i 15—40 % av pasientane, men plar å gå føre seg som ein isolert tilstand.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Craniosynostosis» frå , den 2. mars 2015.
Bakgrunnsstoff «Kraniosynostose» Informasjonsside for foreldre. Norsk Helseinformatikk. «Kraniosynostoser» Senter for sjeldne diagnoser. Oslo universitetssykehus. Tilknytt informasjonsside Klingenberg, Claus; Helsvig, Gunhild; Svendsen, Frode. «4.11 Avvikende hodeform inkludert kraniosynostose» Helsebiblioteket.
Kategori:Sjukdommar i muskel-skjelettsystemet og bindevev