Kirsten Thorup () er ein dansk skjønnlitterær forfattar. Ho debuterte i bokform med den modernistiske diktsamlinga Indeni - Udenfor i 1967. Etter debuten har ho gitt ut eit førtitalls bøker, og ho har skrive romanar, noveller og dramatikk.
Diktsamlingane Love from Trieste frå 1969, I dag er det Daisy frå 1971 og romandebuten Baby (1973) er viktige representanter for skrivemåten frå slutten av 1960-åra. Ho fekk stor merksemd med dei realistiske romanane Lille Jonna (1977) og Den lange sommer frå 1979 om ei jentes utvikling frå born til vaksen i eit dansk provinsmiljø.
I romanane Himmel og helvede (1982, filmatisert 1988), Den yderste grænse (1987) og Elskede ukendte (1994) går handlinga for seg i København og dei har alle kjærleik og eksistens som tema. Romanene Bonsai og Ingenmandsland kom ut i 2000 og 2003. Romanen Førkrigstid frå 2006 har òg handling frå det danske provinsmiljøet og er ei samling portrett. Som dramatikar for TV er ho mellom anna kjent for Else Kant frå 1978, etter Amalie Skram sine skildringar av sinnssjukdom.
Bibliografi (utval) Romaner 1973: Baby 1977: Lille Jonna 1979: Den lange sommer 1982: Himmel og helvede 1987: Den yderste grænse 1994: Elskede ukendte 2000: Bonsai 2003: Ingenmandsland 2007: Førkrigstid 2011: Tilfældets Gud
Noveller 1968: I dagens anledning 1974: David og Karla 1975: Søndag med Lydia 1989: Sidste nat før kærligheden
Lyrikk 1967: Indeni - Udenfor 1969: Love from Trieste 1971: I dag er det Daisy
Dramatikk 1971: Frisørinden 1971: Sæsonen slutter 1972: Hvornår dør Maria? 1973: Historien om Mally 1976: Helte dør aldrig 1978: Else Kant I-II 1981: Krigsdøtre 1981: Du er smuk. Jeg elsker dig 1983: Romantica 1997: Projekt Paradis
Prisar og utmerkingar – utval I 1974 fekk ho Otto Gelsted Prisen, i 1978 Johannes Ewalds legat, i 1980 Dansk Forfatterforenings H.C. Andersen-legat, i 1982 Kritikerprisen og i 1983 De Gyldne Laurbær. Ho mottok PH-prisen i 1985, Søren Gyldendal-prisen i 1987, og Dansk Litteraturpris for Kvinder same år. I 1988 mottok ho LO’s Kulturpris, i 1991 Jeanne og Henri Nathansens Mindelegat og Adam Oehlenschläger Legatet, i 1995 Bogklubben 12 Bøgers litteraturpris og Henrik Pontoppidans Mindefond i 1996. Ho blei tildelt Det Danske Akademis Store Pris i 2000, Radioens Romanpris i 2001 for romanen Bonsai og Danske Banks Litteraturpris i 2004 for romanen Ingemandsland.
Romanen Førkrigstid var ein av de nominerte bøkene til Nordisk Råds litteraturpris i 2007. Ho fekk Nordisk råds litteraturpris i 2017 for Erindring om kærligheden.
Ho mottar Statens Kunstfonds hædersydelse.
Kjelder
Kategori:Danske forfattarar Kategori:Danske dramatikarar Kategori:Statens Kunstfonds hædersydelse Kategori:Det Danske Akademis Store Pris Kategori:Folk frå Middelfart Kategori:Vinnarar av Nordisk råds litteraturpris