Keshet (hebraisk קֶשֶׁת) er ei israelsk busetjing, moshav shitufi, i Golanhøgdene. Han vart grunnlagd i 1974 etter Jom kippúr-krigen av Hapoel HaMizrachi nær den syriske byen Quneitra, som vart fråflytta og så lagt i grus under seksdagarskrigen.Andrew Beattie, Timothy Pepper, The Rough Guide to Syria 2nd edition, s. 146. Rough Guides, 2001. ISBN 1-85828-718-9 Namnet er ei omsetjing av namnet Quneitra («boge»). Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.
Historie Keshet vart grunnlagd i ei tid då det var våpenkvile etter Jom kippúr-krigen av nasjonale, religiøse demonstrantar som var i mot ei israelsk tilbaketrekking til førkrigsgrensa. Dei slo seg først ned i ein bunker i utkanten av Quneitra, men vart tvungen til å flytte til ein fråflytta syrisk gard då Quneitra vart gjeve attende til Syria som ein del av våpenkvileavtalen. Fire månader seinare godkjende dei israelske styresmaktene å opprette ei busetjing, og nybyggjarane flytta til ein annan mellombels stad i ein fråflytta syrisk militærleir lenger vest. Den noverande busetjinga vart grunnlagd i 1978.
Geografi Keshet ligg nær vulkankjegla Peres 710 meter over havet. Han ligg like sør for hovudveg 87 mellom Keshetavkøyrsla og Bashan-avkøyrsla. Folketalet i 2005 var 524.
Økonomiet Samfunnet livnærer seg av jordbruk og turisme.
Sjå òg israelskokkuperte territorium
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Keshet, Golan Heights» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Israelske busetjingar Kategori:Moshavar Kategori:Golan regionale kommune Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1974