Ramot (hebraisk רָמוֹת, tyder «høgder») er ein moshav og israelsk busetjing nær austbreidda av Genesaretsjøen vest i Golanhøgdene. Han er ein del av Golan regionale kommune. Namnet «Ramot» kjem av plasseringa på to åsar. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.
I 1993 budde det 360 innbyggjarar i Ramot fordelt på 71 familiar. Av desse var 180 barn.
Busetjinga ligg kring 2 km aust for Genesaretsjøen og 7 km nord for Ein Gev.
Historie Moshaven vart grunnlagd i 1969. Nybyggjarane budde opphavleg i husa i den fråflytta landsbyen Skopye, og flytta etter to år til ein mellombels stad, før dei i 1973 slo seg ned på den noverande plasseringa til Ramot.
Økonomi Økonomien til samfunnet er basert på dyrking av bananer, mangoar, palmer, guava og avokado, blomar og kyllingavl og meieridrift.
Turisme Ramot er ein populær feriestad og her finst fleire hotell.http://www.ramotresort.com.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Ramot, Golan Heights» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Heimeside
Kategori:Israelske busetjingar Kategori:Moshavar Kategori:Golan regionale kommune Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1969